Denali
Utsjånad
| Denali | |||
| fjell | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
![]() Denali 63°04′09″N 151°00′23″W / 63.069102777778°N 151.00626111111°W | |||
| Wikimedia Commons: Denali | |||

Denali eller Mount McKinley er den høgste fjelltoppen i Nord-Amerika, 6 194 meter over havet. Fjellet ligg sentralt i Denali nasjonalpark i fylket Denali Borough i delstaten Alaska i USA. Denali er del av fjellkjeda Alaska Range, ei fjellkjede som strekker seg aust/vest i det sørlege Alaska og inn i Canada.
Toppen av Denali vart nådd fyrste gongen 7. juni 1913 av ei klatregruppe leia av Hudson Stuck. Den fyrste kvinna på toppen av fjellet var Barbara Washburn i 1947.
Delstaten Alaska nyttar namnet Denali på fjellet, medan dei statlege styresmaktene sidan 1897 har nytta Mount McKinley, etter namnet USAs 25. president, William McKinley.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mount McKinley» frå Wikipedia på engelsk, den 29. juli 2013.
